Trulovinga
15.april 2013 er ein dag som seint blir gløymd. Eller, Frode som ikkje er like flink til å hugse datoar har sikkert gløymd datoen allereie.. Denne dagen starta som alle andre dagar medan me var på øya Phu Quoc med avslapping ved bungalowen og bading i sjøen nokre få meter unna. Me hadde bestemt at denne dagen skulle middagen etast ein annan plass en på hotellet, så me traska bortover stranda og fann oss ein kosleg restaurant.
Etter å ha ete gjekk me tilbake mot vår kjære bungalow. Frode gjekk nede i vannkanten og gjekk for ein gangs skyld veldig seint, Maria gjekk litt lenger oppe, og litt fortare, men ho kom seg no ned til han etter kvart. Etter litt heiv Frode slippersane våre vekk, og vips var han nede på kne og spurte om Maria ville gifte meg med han. Ho skjøna ingenting og svara "Næææ!! Eg meina: JA!!"
Hoppande glade gjekk me tilbake til restauranten og kjøpte kvar vår drink for å feire. Og allereie same kveld hadde me bestemt at bryllaupet skal stå til neste år. No har datoen blitt sett til 28.juni 2014, og me gler oss grådig til å bli mann og kone!
