Ein haustkveld i 2010 var både Maria og Frode ute på byn. Dei møttes tilfeldig på ein uteplass, og praten gjekk lett. Begge to var skjønt einig i at  dei ville møtast att, og det skjedde allereie helga etter då Frode inviterte til god mat, god drikke og film. Det gjekk som det måtte gå, telefonsamtalar til langt på natt vekene etter då Frode jobba som ein helt i Nordsjøen. Heile "bli sammen" prosessen gjekk grådig fort, men kva gjer vel det når ein har funne den rette. 

Allereie ein månad etter at dei møttes reiste Maria til Thailand i 5 veker. Ho var spent på korleis det kom til å gå, men Frode sat tålmodig heime og venta på ho, og gjensynsgleden var stor når dei endeleg møttes igjen. 

Maria byrja tidleg å vere på Frekhaug både når Frode var heime og var på jobb, og sommaren 2011 var det på tide at ho pakka sakene sine i leiligheten i Bergen, slik at dei kunne bli skikkeleg sambuarar. Ca på den same tida spurde Frode om ho ville vere med på tur rundt om i verda, noko ho sa ja til utan å tenke seg om. 

Dei fann fort ut at denne turen kom til å bli dyr, så sommaren 2012 flytta dei ut frå huset på Frekhaug og inn på Rosnes, der far til Maria hadde vakse opp. 

5.november 2012 starta draumereisa, den store testen på om dette kom til å halde. Turen gjekk over all forventning, og resulterte i truloving. 

Etter at turen var over var det tilbake til Rosnes, og Maria fekk seg jobb som kontaktlærar på Lindås barneskule, samstundes som bryllupsplanlegginga kunne starte for alvor!





Maria Børslid Tvedt

Bryllupsinfo