Plenlegginga byrja for eit år sidan, men no sitt eg her og er ikkje sikker på ka eg har fått unnagjort.

Med freidig mot og oppbretta armar byrja eg planlegginga til bryllupet vårt. Kyrkje, hus, fotograf, restaurant og fly blei booka kjapt, og so datt armane ned. No er det 4 måneder til bryllupet og eg kjenner at angsten kjem krypande. "Har du hugsa alt no" kryp han på skuldre mi og kviskra. 

Shit! Ka e da eg har glømt å gjera ..... Eg veit da e noke viktigt eg må hugsa ...... åååååååå ...... Eg riv meg i håret og prøve å få i gang det som ein gang var ein velfungerande hukommelse, den knitrer og pip, i det den prøver å koma i gang. I rein frustrasjon byrjar eg på start, sjømannskyrkja si heimside blir trykt inn og dar lyser det mot meg ..... 

Prøvingsattesten må sendast inn ....... Pjuh ....... Første verdenskrise er unngått. 

Hukommelsen hostar og prustar i det den går i dvale og angsten tusler misfornøyd ned frå skuldra, men kjenner eg han rett kjem han snart snikande. 

Ha ein god kveld vidare og ei strålande helg! 

Linnki out Cool

Cool




Linn Kristin Myking

Bryllupsinfo